Deltabaryon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit deltabaryon eller deltaresonans (Δ) er eit forholdsvis lett baryon (1232 MeV/c2). Det består berre av opp- og nedkvarkar, i kombinasjonar som gjev 3/2 spinn.

Det finst fire forskjellige deltabaryon:

  • Delta pluss pluss++): Består av tre oppkvarkar (uuu), og bryt ned til eit positivt pion og eit proton++ > π+ + p)
  • Delta pluss+): Består av to oppkvarkar og ein nedkvark (uud), og bryt ned til eit positivt pion og eit nøytron, eller eit nøytralt pion og eit proton (Δ+ > π+ + n ELLER Δ+ > π0 + p)
  • Delta null0): Består av ein oppkvark og to nedkvarkar (udd), og bryt ned til eit nøytralt pion og eit nøytron, eller eit negativt pion og eit proton (Δ0 > π0 + n ELLER Δ0 > π- + p)
  • Delta minus-): Består av tre nedkvarkar (ddd), og bryt ned til eit negativt pion og eit nøytron
    - > π- + n)

MERK: Delta pluss og delta null, må IKKJE forvekslast med proton og nøytron sjølv om dei består av dei same kvarkane. Skilnaden består i at nukleona har 1/2 spinn, mens deltabaryona har 3/2 spinn.

Δ++ har den uvanlege +2 ladinga, og oppdaginga av denne partikkelen var særs viktig under utviklinga av kvarkteorien.

Det skjer at Δ+ og Δ0, ikkje bryt ned slik det står skildra oppfor. Nokre sjeldne nedbrytingar der pionet er bytta ut med eit foton, er observert. Nedbrytingane blir då sjåande slik ut:
Δ+ > p + γ
Δ0 > n + γ

Kjelder[endre | endre wikiteksten]