Den nordisk-katolske kyrkja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den nordisk-katolske kyrkja er eit lite, høgkyrkjeleg orientert konservativt kyrkjesamfunn oppretta i 1999. Det vart mellom anna danna av tidlegare lutheranarar, mellom anna frå statskyrkjene i dei nordiske landa. Dei var mange imot den politisk styrte utviklinga i desse kyrkjene dei siste åra, og søkte mot katolisismen, men utan heilt å 'gløyme' den lutherske arva: «Selv om man altså stiller seg avvisende til Den norske kirkes utvikling, er man seg samtidig bevisst at det gis en åndelig arv som man gjør rett i å ta vare på»[1] Trussamfunnet kan difor seiast å vere ei gamal-katolsk kyrkje. Dei står i kommunion med The Polish National Catholic Church, PNCC.[2][3][4] Blant prestane i DNKK er Asle Dingstad, tidlegare prost i Den norske kyrkja og forlagssjef for Luther Forlag.

Generalvikar for kyrkja er nordmannen Roald Nicolai Flemestad; han er også biskop elect på skandinavisk nivå.

[endre] Referansar

  1. http://www.nordiskkatolsk.no/artikler/presentasjon_av_den_nordisk_kato.htm
  2. http://dnkk.no/artikler/bakgrunn.htm
  3. http://dnkk.no/artikler/presentasjon_av_den_nordisk_kato.htm
  4. http://www.pncc.org/

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk