Den trojanske hesten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den trojanske hesten vert dregen fram, måleri av Giovanni Domenico Tiepolo
Det brennande Troja, måleri av Johann Georg Trautmann (1713-1769).

Den trojanske hesten er ei nemning på ein hest som, i fylgje Æneiden og Odysseen, vart bygd i løpet av den trojanske krigen. Etter 10 år med omlægring av byen Troja, byggjer grekarane ein hul hest av tre. Odyssevs gøymer seg inne i hesten saman med nokre utvalde krigarar, medan resten av styrkane gøymer seg eit stykke vekk frå byen. Nokre få menn vart sett til å ro skipa eit stykke vekk. Trojanarane trur då at grekarane har gjeve opp åtaket, og sett att hesten som ei siste gåve. Byporten vert opna, og hesten trekt inn, og så er det fest i gatene. Seint same kveld, då trojanarane er trøytte etter feiringa, listar Odyssevs menne seg ut av hesten og opnar byporten for resten av hæren. Dei utkvilde greske soldatane sigrar då lett over trojanarane, og inntek byen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den trojanske hesten