Der ingen skulle tru at nokon kunne bu
Der ingen skulle tru at nokon kunne bu er ein norsk fjernsynsserie som gjekk på NRK1 frå seinhausten 2002 til og med hausten 2005. Serien går enno i reprise på NRK1. Programleiar for dokumentarserien er Oddgeir Bruaset, og serien vert produsert av NRK Program riks Ålesund. Fyrste episode vart sendt 8. desember 2002.
Tittelen på serien kjem frå songen Anne Knutsdotter av Claus Pavels Riis, der teksten går slik: ”Vi bur oppå ein plass der som ingen skulle tru at nokon kunne bu”. Før var det mange som levde slik, no er det berre nokre få. Framleis finst det menneske som har slege seg ned milevis utanfor allfarveg – på eit skjer i havet, på ei fjellhylle eller i ein veglaus avkrok langt ute i villmarka. – Alle har ei spanande historie å fortelja, har programleiaren Oddgeir Bruaset uttalt.
I denne serien fekk sjåarane møta nokre av desse menneska som bur slik dei gjer, ikkje fordi dei må, men fordi dei vil, og fordi dei meiner at dei får meir ut av livet ved å leva på ein fredeleg plett i enkle kår enn å stressa i ei bygate i kamp med klokka. Målet med serien var å gje eit innblikk i korleis livet til desse menneska arta seg, kva for tankar dei gjorde seg og kva for haldningar dei hadde.
Serien har laga over 40 program der liva til folk som bur på vanskeleg tilgjengelege, ofte veglause stader vert skildra. Eit utval av stadene som har vorte vitja i serien, er:
- Kjeåsen i Eidfjord kommune
- Sauøy i Froan i Frøya kommune
- Styvi ved Nærøyfjorden
- Givær i Nordland
- Garden Sæterstad i Hattfjelldal kommune
- Garden Moslid i Vinje kommune
- Femundshytta ved Femunden
- Kjerkfjorden i Lofoten
- Garden Kjepso ved Ålvik i Hardanger
- Nyksund i Vesterålen
- Garden Skåro i Fyksesund i Hardanger
- Indre Fure på Stadlandet
- Gjevsjøen i Snåsa kommune
- Litle Færøy på Solund kommune
- Laksefjorden i Finnmark
- Sihccajavri i Finnmark
- Bleikøya i Oslofjorden
- Vassvika i Sjunkfjorden i Nordland
- Eikemo i Åkrafjorden, Sunnhordland
Serien vart svært populær i Noreg. På det meste vart programma følgd av nærare ein million sjåarar, ifylgje nrk sine nettsider. Serien fekk Gullruten 2008 i klassen beste magasin- eller livsstilsprogram.
[endre] Kjelder og bakgrunnsstoff
- Der ingen skulle tru at nokon kunne bu på Wikipedia på bokmål
- Serien si hovudside på nrk.no
- Heimesidene til Gullruten med oversyn over vinnarane i 2008