Det aleutiske lågtrykket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det aleutiske lågtrykket er eit lågtrykk som ofte ligg nær Aleutane om vinteren. Det er eit av hovudsentra for den atmosfæriske sirkulasjonen på den nordlege halvkula.

Det aleutiske lågtrykket er ofte knytt til mange sterke syklonar. Syklonar som oppstår i subpolare strøk i det nordlege Stillehavet sakkar vanlegvis av og når maksimal intensitet når dei kjem inn i området rundt Aleutane.