Det internasjonale krigsforbrytartribunalet for det tidlegare Jugoslavia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det internasjonale krigsforbrytartribunalet for det tidlegare Jugoslavia

Skipa25. mai 1993
HovudkontorHaag
LeiarTheodor Meron
Medlemmer28
Nettstadhttp://www.icty.org/ Sjå dette på Wikidata
Oppløyst31. desember 2017
Tribunalet sitt sete i Haag.

Det internasjonale krigsforbrytartribunalet for det tidlegare Jugoslavia (eigentleg Det internasjonale tribunalet for straffeforfylging av personar ansvarlege for alvorlege brot på internasjonal humanitær lov gjorde på territoriet til det tidlegare Jugoslavia sidan 1991) (eng. International Criminal Tribunal for the former Yugoslavia, ICTY) er eit tribunal underlagt SN som har som ansvar å etterforske krigsforbrytingar i det tidlegare Jugoslavia og forfylgje jugoslaviske krigsforbrytarar. Tribunalet er ein ad hoc-domstol, og har sete i Haag.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Det vart oppretta gjennom Tryggingsrådet sin resolusjon 827 av 25. mai 1993. Det har jurisdiksjon over visse typar brotsverk gjorde i det tidlegare Jugoslavia sidan 1991; grove brot på Genève-konvensjonen av 1949, brot på folkeretten i krigen, folkemord og brotsverk mot menneska. Det kan berre forfylgje enkeltpersonar, ikkje organisasjonar eller regjeringar. Maksstraffa det kan dømme folk til er livsvarig fengsel. Ulike land har gått med på å fullbyrde straffene som tribunalet dømer til.

Tribunalet har 1 200 tilsette.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]