Digital Audio Tape

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein DAT-kassett med kapasitet på 90 min. Storleik i høve eit AA batteri

Digital Audio Tape, forkorta DAT, er ein digital og kompakt kassettspelar som kombinerer teknologi frå den vanlege analoge kassettspelaren og den digitale CD-spelaren. DAT er utvikla av Sony , vart lansert i 1987 og konkurrerte med Digital Compact Cassette (DCC) utvikla av Philips. Dei to systema går ikkje saman, og som ein arvtakar etter den vanlege analoge kassettspelaren har begge tapt i forhold til MiniDisc

Egenskaper[endre | endre wikiteksten]

I ein DAT- spelar vert det brukt magnetbandkassettar som lagringsmedium og han kan, som ein vanleg analog kassettspelar, gjere både opptak og avspeling. I tillegg til lydopptak kan ein lagre tilleggsinformasjon som ein kan vise på eit display og raskt søkja tilbake til opptaka. På ein digital kassett må ein spola fram og tilbake for å finna fram til aktuelle opptak, noko som skil bandspelarar frå CD-spelarar der det alltid er direkte tilgang til heile innhaldet på plata. Sett i høve lydkvalitet er DAT i same gruppe som CD. DAT vert brukt i ei viss utstrekning til tryggingskopiering av data.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]