Dimensjonsanalyse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dimensjonsanalyse er ei undersøking som tar sikte på å klarlegge om alle ledd i ei likning av fysiske storleikar har same dimensjon. Ved dimensjonsanalyse kan ein få stilt opp ei korrekt likning når ein ut frå ei prinsipiell betraktning veit at eit naturfenomen er påverka av særskilde faktorar. Dimensjonsanalysen har er særleg viktig for modellforsøk innan aero- og hydrodynamikken, og er i si enklaste form ein kontroll av nemningane som er nytta under utrekninga.

Dimensjonen til ein fysisk storleik er nemninga til storleiken utan at eininga er gjeve. Til dømes har snøggleik dimensjon lengd delt på tid, og kan skrivast i m/s, km/h osv. I ei korrekt likning mellom fysiske storleikar må uttrykk knytt saman med pluss eller minus ha same dimensjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]