Discoverer 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Discoverer 2 var ein amerikansk satellitt. Han vart skoten opp 13. april 1959 frå Vandenberg Air Force Base i USA. Han var ein del av det løynlege Corona-programmet og skulle freista og kasta ut ein instrumentpakke som kunna fangast inn på jorda.

Satellitten vart skoten opp i ein 239 × 346 km polbane. Etter 17 rundar kring jorda, 14. april 1959, vart returfartøyet kasta ut. Det hadde bremserakettar, fallskjerm og kunne flyta. Planen var at eit spesialutstyrt fly skulle fanga inn returfartøyet, men feil i ein tidtakar gjorde at returfartøyet vart kasta ut for tidleg. Ein reknar med at returfartøyet hamna over nordpolområdet, og det vart aldri funne.

Hovuddelen av satellitten vart verande i bane etter at returdelen var skild frå, og gjennførte ulike utrøyningar; mellom anna for kommunikasjon. Hovuddelen brukte straumar av kald nitrogengass for å justera orienteringa si. Han sende ut telemetridata fram til 14. april 1959, og hovudsporingssendaren verka fram til 19. april same året.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]