Diskett
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fil:5,25''-Diskette.jpg
Ein 5,25" diskett
Ein diskett er eit bærbart lagringsmedium, som nyttar seg av lagring på runde magnetplater. Magnetplata vert verna av ein firkanta plastboks. Likevel er diskettane upålitelege til å oppbevare data på, sidan støv og skit lett kan finne vegen inn i plastboksen og øydeleggje den magnetiserbare overflata.
Disketten blir lese, skrive, og lagra av diskettstasjonen på ei datamaskin. I dag har minnepinnar teke over mykje av jobben til disketten; mykje av grunnen til det er at svært få nye datamaskiner vert levert med diskettstasjon.