Diskusjon:Asteroidar namnsette etter menneske
Dei norske namna på karakterane frå Lewis Carrols bøker er ikkje berre enkle å seie kva er, Chesirekatten ser ut til å ha heitt Filurkatten i Zinken Hopps omsetjing, medan han i nyare omsetjingar heiter Chesirekatten.. Det er truleg liknande forhald med andre namn, altså fleire ulike norske namn. http://www.barnebokkritikk.no/modules.php?name=Reviews&file=print&id=83 Av Alice in Wonderland finnest det i alle fall ei nynorsk omsetjing, så av dei namna er kanskje Sigrun Anny Røssbøs dei "rette" her? http://ask.bibsys.no/ask/action/show?pid=031562507&kid=biblio Men mest rett vert vel å ta med alle dei norske namna. Det enklaste ville vere å hoppe over dei norske namna...
- Eg tykkjer at Artikkelen bør stå på originalnamnet, med eventuell omdirigering frå omsette variantar. -- Larsivi 21. apr 2005 kl. 1214 (UTC)
- Einig: «Charlie Brown» med tilvising frå Baltus Brun, for eksempel... Olve 21. apr 2005 kl. 1225 (UTC)
Flytting[endre wikiteksten]
Flytte sida frå Liste over asteroidar namnsett etter menneske av to grunnar:
- Vi prøver å unngå sider med namnet «[[Liste over...» her på nn:.
- Vi bør bøye partisippane på nynorsk: «dei er namnsette» heller enn «dei er namnsett».
-- Olve 21. apr 2005 kl. 1211 (UTC)