Diskusjon:Hjartesvikt

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hjartesvikt er ein tilstand der hjartet ikkje greier å pumpe kraftig nok til å halde oppe dei normale behova til kroppen. Det er mange årsaker til denne svikten i pumpefunksjonen, men konsekvensane er dei same: Hjartet sviktar, og kroppen prøver å halde oppe så god blodsirkulasjon som mogeleg trass i hjartesvikten, spesielt til hjernen og hjartet. Det gjer at blodsirkulasjonen til andre delar av kroppen, t.d huda, blir dårlegare.