Diskusjon:Hn/VxWorks

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein kunne kansje nytta "tidslukeur" for "timeslice timer" og "pauseur" for "delay timer"? Sigmundg, 17/9 2006.

"Tidslukeur" var eit godt framlegg, eg legg det inn med det same. "Pauseur" er eg meir uviss på. Delay er vel i datateknikken meir å rekna som forseinking enn som pause? Linuxboksen
I same slengen lagde eg inn "avbrot" for interrupt, det er eit uttrykk som i alle fall vert nytta i "Sanntids datateknikk" av Odd Pettersen frå 1987. Og so sette eg inn "stabel" for "stack", det siste er ei nyovring frå mi sida, men eg tykkjer det høver nokso godt, for det er nett det ein stack er: Ein stabel med variablar der variablane lyt lessast av (poppast) i den same rekkjefylgja som dei vart lessa på (pusha). Linuxboksen
Eg er samd med deg når det gjeld "pauseur". "Stoppeklokke" er vel heller ikke brukande? Men "stabel" er eit framifrå ord! Kom til å tenkja på korleis "heap" bør omsettast; "dunge"? Hm..., Let ikkje så bra. "Reserve" eller "reservelager" kansje? Sigmundg, 17/9 2006.
Eg deler skepsisen til "stoppeklokke", det vert for upresist å innføra nemningi "klokke" når det er ein timer me hev med å gjera. "Ur" var betre, for det er ikkje til å forveksla med noko anna. Me bør vel freista vera litt konsekvente med å umsetja "timer" med "ur" heile vegen. I alle fall ikkje klokke, ei klokka og ein timer er ikkje det same, dersom me ser det frå ein digitalteknisk ståstad. Linuxboksen

"floating-point" vert vanlegvis omsett med "flytkomma". Etter same mønster vert "fixed-point arithmetix" omset med "fastkommaaritmetikk". Sigmundg, 17/9 2006.

Gode framlegg. Flyttal vert vel ogso nytta. Linuxboksen

Her er fleire framlegg til HN-ord:

task: oppgåve ready-tasks: oppgåver som er klare ril å kjøyrast scheduling: arbeidstildeling preemptive scheduling: føretrinnsrett-tildeling round-robin scheduling: rundgangs-tildeling Signalhandlers: signalhandsamarar shared memory: felles hukommelse priority inversion: prioritetsinvertering deletion safety: slettetryggleik paging, swapping: blokklagring, blokkbytte (kansje..) Priority inversion control: prioritetsinverteringskontroll enablar: slepp til Intertask: interoppgåve Netverk: nettverk (to 't'ar på HN?)

Den fyrste kjelda bør utfyllast med utgjever, slik? Øystein Ra, “Real Time Operating Systems”, Kompendum (eller førelesningsnotat)?, HIBU, År.

Gode framlegg, eg skal sjå på det. Det er berre ein t i netverk på høgnorsk, jamfør høgnorskordlista: http://www.sambandet.no/ordlista/index.php?bokstav=N Linuxboksen