Diskusjon:Humanistisk namnefest

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

HEF nyttar "Borgerlig" konsekvent om namnefest, (dei nyttar Humanistisk om vigsel). Eg synes du skal ta det opp med forbundet dersom du planlegg å endre "borgarleg" til "humanistisk", Erling. Borgarleg her kjem frå at festen er gjeven frå medborgarar, og ikkje frå kyrkja eller noko anna overmenneskeleg Hogne 31. juli 2005 kl. 21:02 (UTC)

Hei. Eg skal ikkje endre det. Eg berre spurde om det er det dei framleis kallar det, og når det er det, så...Eg er òg klar over at det er "borgarleg" i tydinga "medborgar" (citoyen) og ikkje i den sosiale og politiske tydinga (bourgeois), men det dumme er jo at vi ikkje har to ulike ord for desse ulike omgrepa på norsk. Vennleg helsing --Erling 1. august 2005 kl. 06:43 (UTC)

Det heiter Humanistisk no[endre wikiteksten]

Sjå http://www.human.no/templates/Page____2317.aspx - landsmøtet i Drammen, september 2005 vedtok at det no heiter Humanistisk namnefest, Humanistisk konfirmasjon, Humanistisk vigsel og Humanistisk gravferd.