Diskusjon:Joachim av Danmark

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Heiter det ikkje Joachim av Danmark? --Tannkrem 15. januar 2011 kl. 14:28 (CET)[svar]

Etter å ha sjekka da:Kongelige og fyrstelige titler#Præpositioner i henhold til tronfølgen, ser eg at det på dansk er rett å skriva «til Danmark» om tronarvingar. Då er spørsmålet om me skal skriva preposisjonar på dansk eller norsk. Eg meiner me skal skriva dei på norsk. «Joachim til Danmark» gjev ikkje meining på norsk, iallfall ikkje den meininga det skulle hatt. --Tannkrem 15. januar 2011 kl. 14:39 (CET)[svar]
Joachim ber tittelen prins til Danmark, der til indikerer arverett til trona. Andre prinsar ber prins av Danmark som tittel. MVH Megnorge 15. januar 2011 kl. 15:54 (CET)[svar]
Viss du les den artikkelen eg har lenkja til, ser du at også Joachim er ein prins av Danmark, også på dansk. Og sjølv om tittelen «prins til Danmark» gjev meining på dansk, gjer han som sagt ikkje det på norsk. Og eg føreslår at du gjev ei anna grunngjeving når du flyttar enn det som eg alt har attgjeve då eg flytta artikkelen attende dit han høyrer heime... Viss du vil skriva dansk i artikkeltitlar på Nynorsk Wikipedia bør du først innhenta støtta frå Norsk Språkråd... --Tannkrem 9. mars 2011 kl. 23:28 (CET)[svar]
Ja, det er også tradisjon å bruke omsette titlar på norsk, vi skriver jo om «kongen av Sverige», ikkje «kungen av Sverige». Så ja takk til norsk preposisjon. --KRISTAGAα-ω 9. mars 2011 kl. 23:35 (CET)[svar]

Kva blir det til? Flytting eller ikkje? --KRISTAGAα-ω 24. mars 2011 kl. 01:28 (CET)[svar]