Diskusjon:Josef Stalin

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nokon som veit om dei siste endringane har noko for seg? Her må det då vere rett med ein manglar kjelde mal? stykkjet 17. mars 2010 kl. 09:40 (CET)[svar]

Dette er i stor grad kvitvasking og tøv. Noko av det kan vera interessant, men som heilheit har denne anonyme bidragsytaren så kraftig ideologisk slagside, at eg meiner alt saman bør slettast.--Barend 17. mars 2010 kl. 14:47 (CET)[svar]
Det som står her no, er ikkje så hakkande gale. Problemet er at det er ganske mykje som ikkje står her. Berre dei positive sidene ved Stalin si regjeringstid er tekne med. Dei positive sidene, som den enorme industrireisinga og til ein viss grad den sovjetiske innsatsen under krigen, høyrer sjølvsagt heime i artikkelen. Men kritikken er fullstendig fråverande. Eg kan diverre ikkje nok om emnet til at eg kan skriva særleg mykje meir enn innleiinga. --Tannkrem 12. mai 2010 kl. 13:43 (CEST)[svar]
Ved nærare ettersyn viser det seg at nb: har ein god artikkel om Stalin. Dei som vil skriva om han, kan kanskje ta stoff derifrå. --Tannkrem 12. mai 2010 kl. 13:50 (CEST)[svar]
Denne artikkelen gjev ei nokolunde nøktern framstilling av dei historisk riktige sidene ved denne politikaren. No finst det verken kvitvasking eller dei vanlege udokumenterte overslaga av drapstal. Så eg har fjerna oppryddingsmalen. Artikkelen burde likevel utvidast med litt meir informasjon om Moskva-prosessane, og eit avsnitt om den eventyrlege industri- og velstandsutviklinga i Sovjetunionen i denne perioden. --Tannkrem (diskusjon) 15. april 2016 kl. 12:22 (CEST)[svar]