Diskusjon:Klima i Europa

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Delar av Alaska har like mykje regn som Vestlandet, og det er jo ikkje tropene. Sjå her: Speel River, Southeastern Alaska, 3542 mm

Og Gullfjellet aust for Bergen har ein nedbørsnormal som er høgare enn dette igjen, muligens nærare 4000 mm. Har diverre ikkje noko stad og vise til, bortsett frå interne rapportar på arbeidsplassen min. Dette er noko som vert forska på i samband med utredingar om rasfare i Bergensområdet, men det er ingen tvil om at det er stader på Vestlandet som er våtare enn Brekke i Sogn. Det kan selvfølgeleg vere stader i Alaska som er våtare enn Speel River òg, men inntil vidare lar eg Vestlandet stå som den våtaste staden. --Frokor 23:51, 10 desember 2006 (CET)
For ikkje å snakke om Ålfotbreen! Ein meiner at denne staden har ein nedbørsnormal på over 5600 mm i året! Og her har eg ein link og :) PDF-dokument, orografisk nedbør på Vestlandet, side 13 --Frokor 00:04, 11 desember 2006 (CET)
Her er ein verkeleg regnfull stad i Alaska: Little Port Walter, 5626 mm i året - og det er berre 4 m over havet. Tenk kor mykje regn det kjem noko høgare oppe i fjellsida der!  : ) Stormkast 01:45, 27 desember 2006 (CET)
Vesentleg mindre skal ein tru sida du referer til. Dessutan ligg Little Port Walter så langt sør ein kjem på Baranof Island, rimleg langt frå høge fjell eller fjellsider. Og stadane i område som faktisk ligg i vestlegvendte fjellsider har i følgje world climate knapt nok over 3000 mm. --Frokor 14:55, 27 desember 2006 (CET)
Eg er samd i at dette synes særs mykje. Men, her er ei anna kjelde - Western Reginal Climate Center, som og har utruleg mykje nedbør - 226 inches her. Det ser ikkje ut til at fjella er i nærleiken er meir enn vel 2000 fot høge. Det ser ut for at delar av Alaska (og truleg og BC i Canada) har vel så mykje nedbør som Vestlandet. Og delar av Assam i India mottek 14000 mm årleg (Assam i India reknas til subtropisk område), verdas høgaste nedbørnormal.Stormkast 17:33, 27 desember 2006 (CET)
Den stemmer nok heilt sikkert den normalen for Alaska, men den er overraskande høg samalikna med områda rundt, sidan staden tilsynelatane ikkje ser ut til å få noko særleg effekt av orografisk heving. Med tropane rekna eg med monsunlanda, men eg har presisert det litt meir no. Vått er det på Vestlandet uansett :-) Enkelte stader i indre strøk av Rogaland fekk faktisk over 1000 mm nedbør i november. Ganske imponerande, men sjølvsagt unormalt mykje. Ein ting som er sikkert (med mindre dei neste 14 åra skulle bli uvanleg tørre) er at neste normalperiode frå 1990 til 2020 kjem til å bli vesentleg høgare enn perioden me refererer til no. Men det gjeld nok nesten garantert Alaska og Vest-Canada òg. --Frokor 17:47, 27 desember 2006 (CET)