Diskusjon:Målsiddisane

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Etter mi meining er ikkje eit lokallag av målungdommen så viktig at namna på alle i styret, og tidlegare leiarar, er av almen interesse. --Ekko 20:46, 4 november 2007 (CET)

Vi har diskutert artiklar om ungdomslag før, men likevel: eg trur vi gjer rett i å ha god takhøgd for utforminga av slike artiklar. Kva som er viktig og kva som er uviktig er avhengig av perspektiv. Se heller på det positive: Denne nye utforminga av artikkelen er meir leksikalsk enn førsteutgåva. Kanskje får vi nye artiklar frå same hald, artiklar som er interessante også for deg og meg, om vi ikkje er for hardhendte i lukinga. Dette er ikkje ei oppmoding om å slakke på kvalitetskrav, men om å skilje på krava til artiklar i ulike kategoriar. -Knut 21:05, 4 november 2007 (CET)
At han er meir leksikalsk skuldast vel mest lukinga mi. Og ikkje kjem eg med {{slett}} heller, reine pusekatten altså (skuldast truleg overdosering med semulegrynspudding til søndagsmiddagen). Men skal artikkelen stå slik må nokon vera nøye med å halde han oppdatert. Og kanskje tenkje seg om; meiner dei verkeleg at dei skal oppretta eigne artiklar på alle som har vore styremedlem i alle lokallag av Norsk Målungdom? --Ekko 21:15, 4 november 2007 (CET)
Villblomane bør få stå, men eg skal luke bort nokre avleggarar før dei spreier seg. - Knut 21:23, 4 november 2007 (CET)