Diskusjon:Noreg sitt geografiske midtpunkt

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kan denne flyttast til ein tittel med «arealtyngdepunkt» heller enn «geografiske midtpunkt» i? Med andre målemetodar til grunn plar jo også andre stader verte kalla Noregs midtpunkt. --Jorunn 12:37, 13 juni 2007 (CEST)

Tja, eg brukte no det namnet som står på monumentet, oversett til nynorsk. Eg kan eigentleg ikkje sjå nokon grunn til å endra det. Kan du ikkje heller laga ei lenkje frå det namnet du vil ha? -- Nidator 12:54, 13 juni 2007 (CEST)
Eg hadde venta å finne informasjon om alle stader som påstår å liggje midt i Noreg i ein artikkel med dette namnet, og det er difor eg foreslår å spisse artikkeltittelen. --Jorunn 13:58, 13 juni 2007 (CEST)
Ei skildring av metoden som er bruka hadde vært bra. --Ekko 14:04, 13 juni 2007 (CEST)
Ja, det er sant. -- Nidator 14:29, 13 juni 2007 (CEST)
Ok, men det står i den artikkelen du lenkja til at, til skilnad frå andre stadar, er det her nytta ein "internasjonalt godkjent metode". Du kan jo alltids leggje til ein paragraf lenger ned om dei andre stadane, og ta med metodane som er nytta, men eg kan ikkje sjå nokon grunn til at artikkelen i hovudsak ikkje bør handla om punktet i Steinkjer kommune. -- Nidator 14:27, 13 juni 2007 (CEST)