Diskusjon:Norsk utvandring til Amerika

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Her er det det feil bruk av Amerika. Med Amerika i dette tilfellet meiner ein ikkje Nord-Amerika, men USA (United states of America). Canada blir ikkje reknar med. Ein snakkar då om norsk utvandring til Canada. Denne feilen bør derfor rettast opp. Thesam (diskusjon) 16. mai 2013 kl. 23:14 (CEST)[svar]

Vi kan sjølvsagt snakke om både utvandring til USA, Canada og Minnesota - men eg meiner den emigrasjonen som tok til i 1824 og varte omkring hundre år, var utvandringa til Amerika, i all hovudsak til USA og Canada. Jf. t.d. første setningen i hovudkjelda for artikkelen. --Knut (diskusjon) 16. mai 2013 kl. 23:34 (CEST)[svar]

Til og med kanadiarane nyttar America om USA. Grunnen til at ein nytter Amerika om USA er altså det fullt utskreve namnet United states of America. Ønsker ein å inkludere Canada så nyttar ein Nord-Amerika. Thesam (diskusjon) 16. mai 2013 kl. 23:53 (CEST)[svar]

Samd med Knut her. Språkrådet nyttar Amerika om verdsdelen[1] og det same gjer dei i engelsk språk[2], så det er ikkje noko feil i tittelen, og det kjem særs tydeleg fram i første setning kva denne artikkelen handlar om. Det er òg i tråd med t.d. amerikabrev, amerikabåt osv. Til og med Eldlandet heilt sør i Argentina og Chile høyrer til Amerika. Men Amerika er fleirtydig, sidan namnet både vert nytta om heile verdsdelen og USA aleine, så for artikkelnamn og kategoriar som gjeld USA aleine bør me unngå å bruke Amerika/amerikansk, ein praksis me har heldt oss til sidan NN-wikipedia vart oppretta. --Frokor (diskusjon) 17. mai 2013 kl. 06:55 (CEST)[svar]

Du blandar saman verdsdelen Amerika som inkluderer Nord- og Sør-Amerika, med det geografiske område denne artikkelen handlar om. Skulle det vere slik, måtte artikkelen òg ta med norsk utvandring til Argentina og Brasil. Dersom du går til nynorsk- og bokmålsordboka, ser du at Amerika i tydinga USA er det som er vanleg i norsk språkbruk. Både i Noreg og Canada er denne bruken av ordet Amerika den same og det kjem altså av at det er ei kortform av det fulle namnet United states of America. Amerikanarane sjølv nyttar det på denne måten. Thesam (diskusjon) 17. mai 2013 kl. 07:25 (CEST)[svar]

Du har ikkje påpeikt noko anna enn det eg alt sa, at Amerika kan vere fleirtydig. At artikkelen kanskje er for snever endrar ikkje det. --Frokor (diskusjon) 17. mai 2013 kl. 08:39 (CEST)[svar]

Naturlegvis har Amerika fleire tydingar, men det som er nytta her og det som er vanleg norsk språkbruk i følge bokmål- og nynorskordboka, så meiner ein med Amerika i denne samanhengen USA. Thesam (diskusjon) 17. mai 2013 kl. 08:44 (CEST)[svar]

Norsk uvandring til Amerika omfattar ikkje berre utvandring til USA, men i stor grad også utvandring til Canada, spesielt British Colombia. I kva grad nordmenn utvandra til Bolivia og Argentina, veit eg ikkje, men det veit eg kanskje meir om når nokon har tatt tak i artikkelen. --Knut (diskusjon) 17. mai 2013 kl. 10:06 (CEST)[svar]