Diskusjon:Olaf Bull

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Korleis kan ein lage lenkje til bokmålswikikilden (slik det er på bokmålversjonen av artikkelen)? --Kiwibird 19:18, 2 november 2006 (UTC)

Denne artikkelen må det gjerast mykje med. Bull er ein sentral lyrikar, og fortener ein god artikkel. Men dette er då i alle høve ei byrjing. Det finst og mykje sekundærlitteratur om Bull, og ei vakker minnebok, skriven av tredje kona hans. Sonen hans, Jan Bull, var lyrikar og teatermann.--Røven 26. juli 2008 kl. 21:41 (CEST)[svar]

Eg har prøvdt å få artikkelen fyldigare. Men det skulle ha vore eit bilete her. KAn nokon skaffe det, tru? --Røven 28. juli 2008 kl. 10:37 (CEST)[svar]

Eg finn ikkje noko fritt bilete, verken på wikipediaene eller Commons, så me får føre det opp på ynskjeliste for bilete. --Ranveig 28. juli 2008 kl. 12:06 (CEST)[svar]
Det er ikkje lagt inn påstandar som ikkje stod i artikkelen før eg tok til å rydde, ta vekk uklåre formuleringar, skape orden og samanheng. Tvilsame påstandar er truleg for det meste fjerna, men eg skal justere ein som eg uviss om er heilt rett. Men også den var i artikkelen frå før. At Bull hadde nerveproblem og eit alkoholproblem, er diverre altfor sant. Likeså at han var ein outsider i samfunnet, og at han jamt var pengelens. Han skulle sjølvsagt hatt diktarløn. I boka til Suzanne Bull er det gjengitt eit gripande brev frå den siste tida før Bull døydde. Eg siterer etter minne: "I ytterste nød gir jeg min hustru rett til å ta livet av meg." Bulls siste tid, han var mest desperat av dødsangst. Det med "dødsskuggane" som Ekko har fjerna, er i samsvar med realitetar.

Det eg har bidratt med elles, er at eg har lagt inn noko om Bulls tematikk, og litt om dikt det er sitert frå. Kvar er dei tvilsamme påstandane? Det som elles står i artikkelen, er litteraturhistorisk allmennkunne om Bull. T.d. at han studerte franske symbolistar og tok inntrykk av Bergson. Det er elles vist til sekundærlitteratur. Boka til Suzanne Bull, Wyllers avhandling om tidsproblemet osb. Samanlikn gjerne med den tilsvarande artikkelen på bokmål. --Røven 28. juli 2008 kl. 18:21 (CEST)[svar]

Hjelp! Eg la inn ein referanse med fotnote, og då forsvann resten av artikkelen. Kan nokon hjelpe? --Røven 28. juli 2008 kl. 20:03 (CEST)[svar]

Det mangla ein skråstrek ('\') i den siste <ref>-taggen for å markera slutten på fotnota. --Harald Khan Ճ 28. juli 2008 kl. 21:43 (CEST)[svar]
Tusen takk!--Røven 28. juli 2008 kl. 22:44 (CEST)[svar]

Dette er du blitt fortalt eit utal gongar; du kan ikkje skrive artiklar utan kjelder. Dette gjeld i særleg grad for biografiar. At du vel å ignorere dette syner at du har ei mangelfull forståing for kva eit leksikon er, kva wikipedia er og liten respekt for oss som trass alt har skrivi her i fleire år. Skjerp deg. --Ekko 28. juli 2008 kl. 22:55 (CEST)[svar]

Du lyt gå attende og sjå koss artikkelen såg ut før eg tok til å rydde og supplere. Men han er sjølvsagt ikkje ferdig. --Røven 29. juli 2008 kl. 10:45 (CEST)[svar]

Her er mykje meir å gjera. Kjem attende til artikkelen.--Røven 30. juli 2008 kl. 23:12 (CEST)[svar]

Eg hugsar at det vart skrive mykje i avisene då Jan Bull døydde i ei bilulukke i 1985. Eg vonar nokon kan leggje inn ein referanse som verifiserer korleis Bulls son gjekk ut or verda for tidleg.--Røven 2. august 2008 kl. 20:29 (CEST)[svar]

Eg let denne artikkelen vera no ei tid.--Røven 5. august 2008 kl. 12:41 (CEST)[svar]