Diskusjon:Ordførarar i Dalsfjord kommune

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Treng vi eigne atikklar med oppramsing av ordførarar i tidlegare kommunar ? Bør dei ikkje flettast med kommuneartikkelen? --Andreasv 8. februar 2010 kl. 15:20 (CET)[svar]

Eg ser heller ikkje heilt kvifor slikt ikkje kan stå i sjølve kommuneartiklane. Anders 8. februar 2010 kl. 15:40 (CET)[svar]
På bokmålwiki har dei ein stor kategori med slike artiklar: no:Kategori:Ordførerlister. Det er vanskelegare å sjå kor mange slike lister vi har, sidan dei, det eg veit, er kategorisert i lag med artiklane om ordførarane (som t.d. her). Treng vi desse artiklane? Tja, det er alltids eit spørsmål kva som bør inn i kommuneartikkelen og kva som best bør plasserast utanfor, i andre artiklar. Om vi snur på det: Vil det vere ei vinning for kommuneartiklane om listene over ordførarar i noverande og tidlegare kommunar vert fletta inn i desse artiklane? Eg trur ikkje det, listene er for perifere for dei fleste av dei som søkjer informasjon om kommunen. --Knut 8. februar 2010 kl. 17:29 (CET)[svar]
Hallar til Knut - det er i alle fall ikkje noko stort behov for å slå saman artiklane. Eit poeng kan nok vere at vi neppe bør ha ordførarlister i artiklar om eksisterande kommunar. --Egil Arne 8. februar 2010 kl. 18:11 (CET)[svar]