Diskusjon:Parlament

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg er ikkje heilt glad for omdirigeringa frå nasjonalforsamling og hit. Rett nok er vel orda no synonyme. Men å nytte parlament som artikkelnamn for det generelle omgrepet gjer det vel vanskelegare å skjønna at ein kan ha eit «parlament» utan å ha parlamentarisme. Betre kanskje at denne artikkelen er om systema i England og Frankrike? --Ekko 15. februar 2009 kl. 20:58 (CET)[svar]

Artikkelen «Parlament» handlar vel om det generelle omgrepet, jf nynorskordboka, t.d.? Eller er det noko eg ikkje ser? Stortinget er vel eit parlament no som i 1883? --Knut 15. februar 2009 kl. 21:11 (CET)[svar]
Joda, poenget mitt var at ettersom både parlament og nasjonalforsamling kan nyttast som eit generelt omgrep trur eg nasjonalforsamling er best egna. Stortinget kan sjølvsagt kallast eit parlament, eller nasjonalforsamling. Kongressen i USA kan også få begge omgrepa nytta om seg. Men samstundes er det slik at me har ordet parlamentarisme som kan nyttast om det politiske systemet i Noreg, men ikkje om t.d. USA. Men kanskje er det greit å gjera det slik, så kan me understreka at parlament og parlamentarisme ikkje heng saman? --Ekko 15. februar 2009 kl. 21:18 (CET)[svar]
Joda, det må vi få fram. «Alltid skal du rakke ned på USA», sa ein av elevane til historielæraren min, som var NKP-ar, då han hadde fortalt at det ikkje var parlamentarisme i USA. Dette mora læraren stort.--Knut 15. februar 2009 kl. 21:33 (CET)[svar]