Diskusjon:Patologi

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

2. avsnitt: «Patologi involverar testing av prøver i eit medisinsk laboratorium og diagnostiserer helseproblem frå deira bevis. Patologar er ekspertar i å tolke testresultata og fysiske bevis.»

Eg vil føreslå at «patologisk undersøking» involverer etc. Eit laboratorium vil granske materialet, t. d. kroppsvesker (blod, spytt, sveitte, sæd, urin) eller lokale prøver (biopsiar) og resultatet kan då visa evt. patologi i tydinga sjukeleg tilstand. Ein heil lekam eller deler av denne kan også undersøkjast av patolog ved obduksjon. Kanskje dette kan vera ei lita presisering?PerPlex 19. juli 2005 kl. 07:52 (UTC)

Godt forslag, mykje meir presist. -- Olve 19. juli 2005 kl. 07:59 (UTC)
Mange patologar tykkjer at bruken av ordet patologi i tydinga sjukeleg tilstand ikkje er god språkbruk. Patologi tyder eigentleg berre ein ting, læra om sjukdom. Bjarte 19. juli 2005 kl. 08:58 (UTC)
Einig i at «patologi» først og fremst tyder ‘sjukdomslære’, ja. Eg veit det er delte syn på bruken av «patologi» i tydinga ‘sjukeleg tilstand’ på engelsk. Er dette tilfelle på norsk òg, Bjarte? (Eg har hovudsakleg lese denslags litteratur på engelsk...) -- Olve 19. juli 2005 kl. 10:32 (UTC)
Vi kan nok einast om at «patologi» i si opprinnelege tyding står for «sjukdomslære». No har det likevel i lang tid vore slik, i alle fall i Noreg, at nemninga patologi har fått ei utvida meining i retning av sjukdom eller unormalt. Dette gjeld såvel i medisinske fagkrinsar som blant folk elles. Frå min medisinske ståstad har eg i alle fall levd med begge desse tydingane i over 30 år. 100% god språkbruk er det nok ikkje (som med mange andre framandord som er tekne i bruk i N.) - men vi må vel finna oss i å leva med dette? --PerPlex 19. juli 2005 kl. 14:08 (UTC)
Hei Arne! Det var kjekt å sjå at me fekk ein lækjar med på laget, sjølv om eg hadde håpt på å bli den første :) Det er ikkje berre i Noreg at ordet patologi vert nytta på den måten, i alle fall muntleg. Det gjer me heile tida på engelsk òg. Likevel, ordet vert mest alltid nytta berre som sjukdomslære i seriøse medisinske referanseverk, både på norsk eller engelsk. --Bjarte 19. juli 2005 kl. 16:32 (UTC)
Eg synest det gjekk klart fram som det stod, eg. Patologi er sjukdomslære, men ordet blir ofte brukt om sjukdommar. Me har klargjort kva me skriv om, samtidig som me viser til den vanlege folkelege tydinga for å hindra forvirring. -- Ranveig 19. juli 2005 kl. 16:40 (UTC)