Diskusjon:Rettleiing

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg finn ikkje order «vegleiing» i nynorskordboka. Men «rettleiing» står oppført. --Sigmundg 16:31, 25 august 2007 (CEST)

Eg uttaler ordet væjledni(ng) (dårleg lydskrift er (ng) representerar éin lyd). Vegleiing får 1020 treff på google, så ordet er i bruk. Om ordet rettleiing vert brukt synonymt med bokmålsordet veiledning i pedagogisk samanheng, kjenner eg ikkje til. Om så er, kan vi flytte artikkelen. -Knut 16:48, 25 august 2007 (CEST)
Vi bør kanskje venta på komentarar frå filologane før vi gjer noko? --Sigmundg 16:54, 25 august 2007 (CEST)
Eg fann ordet kollegarettleiing i kurskatalogar for lærarar og i tiltaksplanar for barnehagar. Og eg fann ordet arbeidsrettleiing her. Så eg flyttar, trenger ikkje vente på tilrettevising av filologane. - Knut 16:58, 25 august 2007 (CEST)
Til orientering så fann eg ordet på heimesidene til Språkrådet, i dokumentet Typar feil i nynorsk av Aud Søyland. Der sto det i lista Leksemet er ei blanding av bokmål og nynorsk , og med rettleiing som nynorsk-ord. --Ekko 17:08, 25 august 2007 (CEST)
1020 nynorskfeil på google. Akk, ja, ikkje rart vi får leksem. - Knut 17:12, 25 august 2007 (CEST)
Feila er vel ikkje «på Google». Google finn berre fram til det som folk skriv. Google er god til å leita, men «veit ikkje» at det er noko som heiter ordfeil. Det var foresten eit nyttig dokument Ekko fann. Noko av dette bør vel inn i «Gode nynorskord»? --Sigmundg 17:24, 25 august 2007 (CEST)
Meiner du at det ikkje var læraren sin feil om han laga mange raudstrekar i stilboka mi? Elles er eg samd i at vi bør arbeide med språkrøkt. - Knut 17:52, 25 august 2007 (CEST)
He, he. Eg skal ikkje uttala meg om stilboka di, men vi kan seia det slik at når andre Wikepediantar korrigerer språket i artiklane mine (eg vonar dei held fram med det) finst det førebels ingen kjedte tilfeller der det er deira feil.... --Sigmundg 18:11, 25 august 2007 (CEST)