Diskusjon:Riddar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Flytta frå Erling Vidkunsson:

Hadde me riddarar i Noreg? --Ekko 11:14, 20 november 2006 (CET)

Det ser sånn ut: artikkelen Ridder i Caplex. --Jorunn 11:28, 20 november 2006 (CET)
Regesta Norvegica nemner og ridarar 193.161.88.1 11:38, 20 november 2006 (CET)
Duverden. Kva ein lærar som wikipedant! --Ekko 12:03, 20 november 2006 (CET)
Tittelen vart innført i Noreg i 1277 gjennom hirdskråa til Magnus Lagabøter stykkjet 12:18, 20 november 2006 (CET)
"Kong Håkon V avskaffet barontittelen ved et dekret i 1308. Dette innebar at adelen ble redusert fra 3 til 2 nivåer, riddere og væpnere. Også dette må ses som et ledd i en maktkamp mellom kongemakten og adelen. Adelen var likevel den styrende, i hvert fall fram til og med Erling Vidkunsons formynderskap for Magnus Erikson." Sitat frå artikkelen Norsk adel, hadde vi det? Så det ser ut at "riddar" var ein tittel i bruk i Noreg. --Gunnernett 12:34, 20 november 2006 (CET)
Men var det riddar i tydinga "adeleg til hest med panser og plate"? --Ekko 13:33, 20 november 2006 (CET)
Det er vel rimeleg openbart frå notida sin bruk av riddartittelen i England, at "adeleg til hest med panser og plate" strengt teke ikkje er ein del av definisjonen? -- Larsivi 13:55, 20 november 2006 (CET)
Det er vel rimeleg openbart frå notida sin bruk av riddartittelen i England.... Det er vel rimeleg openbart at å slutte frå 2006 i England attende til Noreg rundt 1200 strengrtekje er tvilsam praksis? --Ekko 14:44, 20 november 2006 (CET)
Eg beklagar at eg var noko snar i vendinga. Det er rettare sagt openbart at Riddar og riddardom (knighthood iallfall ...) er eit vidt tema ;) -- Larsivi 08:26, 21 november 2006 (CET)
Av det som står i Caplex og Store Norske ser det ut som riddar nærast berre var eit nytt namn på den høgaste adelstittelen, baron vart til riddar. Tvilar på at desse norske riddarane var meir, eller mindre, pansra enn dei forutgåande baronane. Var eg Erling Vidkunsson ville eg heller ha fått meg si sånn kofte som ein annan kjend bjarkøying hadde, enn ei tung rustning. --Jorunn 14:26, 20 november 2006 (CET)
Kanskje me treng ein artikkel om dette? "adeleg til hest med panser og plate" er faktisk ein definisjon på riddar, men ikkje den einaste, det visste eg faktisk sjølv om eg er ein enkel mann frå landet. --Ekko 14:44, 20 november 2006 (CET)

Slutt på flytta bolk.

Artikkelen knight på engelsk wikipedia seier faktisk akkurat det: In the High and Late Middle Ages, the principal duty of a knight was to fight as, and lead, heavy cavalry. --Ekko 18:53, 20 november 2006 (CET)
Utan at eg kan vise til kjelder her og no, meiner eg ganske sikkert at også i Noreg var riddarskapet knytt til krigsteneste. Kva form denne krigstenesta tok her er eg meir usikker på. Vi må vel rekne med at i eit system som det norske med ganske "flat" struktur, med stort sett berre riddar og væpnar (og ein og anna hertug og greve) må adelskapet nok også vere knytt til anna meir embedsmannslik teneste for kongen stykkjet 20:29, 20 november 2006 (CET)
Det hadde vor fint med ein artikkel som sa noko om innhaldet i ordet i ulike land til ulike tider. Ein norsk riddar på 1300-talet ha vore noko ganske anna enn ein fransk på same tid. Om ikkje anna av di norsk føydalisme var ulik fransk og Noreg egner seg dårleg for pansra kavalleri. --Ekko 21:03, 20 november 2006 (CET)

Til den som har pågangsmot: Sjåpå den tyske artikkelen om Ritter. Det er artikkel det! --Ekko 10:53, 23 november 2006 (CET)