Diskusjon:Snøhvitfeltet

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Albatross - Askeladden[endre wikiteksten]

På nittitalet vart funna somme stader kalla albatrossfeltet, askeladdfeltet og snøhvitfeltet i snøhvitområdet, av Oljedirektoratet kalla funn. Dette var 7 strukturar i blokk 7120/7, 8, 9 og 7121/7, på kartet http://217.68.117.237/website/NPDGIS/viewer.htm teikna som uavhengige strukturar i dei fire blokkene. Linsensdeltakarane i området samla seg om ei felles feltutbygging under namnet Snøhvitfeltet.

Oljedirektoratet nemner ikkje askeladd – albatross i oversikten over feltutbyggingar, http://odin.dep.no/filarkiv/243798/Fakta_05_kap11.pdf , ikkje i lista over alle felt på sokkelen http://www.npd.no/engelsk/cwi/pbl/en/field/all.htm medan denne informasjonssida om Snøhvitfeltet nemner dei som funn som inngår i feltutbygginga: http://www.npd.no/engelsk/cwi/pbl/en/field/all/2053062.htm

Viss nokon har kjelder for å vise til askeladd – albatross som eigne feltutbyggingar må dei gjerne nemnast i artikkelen, elles kan dei nemnast som funn - strukturar - reservoar som del av Snøhvitfeltet. Sjølvsagt er det òg lov å argumentere for å nytta annan oljeterminologi enn det offentlege forvaltningsapparatet, men då må vi gjere det konsistent i heile Wikipedia. Roarjo 23:27, 9 desember 2006 (CET)

Retting 1: I denne søknaden frå Statoil vart omgrepet albatrossfeltet nytta så seint som i 2003 endå samordningsavtalen om felles utbygging av Snøhvitfeltet var tre år gamal. Retting 2: kartet på side 11 i dokumentet vist til over syner at Snøhvitfeltet femnar om strukturar i heile 9 blokker. Roarjo 20:34, 12 desember 2006 (CET)