Diskusjon:Steingardar i Noreg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Utviding eller flytting?[endre wikiteksten]

@Minuth: og andre interesserte: Denne artikkelen handlar om steingardar i Noreg, men liknande byggverk finst jo fleire andre stader òg (sjå t.d. en:Dry stone [wall]). Denne artikkelen kan anten utvidast for å visa dette, eller flyttast til ein meir presis tittel, som "Steingardar i Noreg". Eg heller mest mot dette. Det er ein fin artikkel som kanskje må kortast ned om han skal passa inn i ein større samanheng. --Ranveig (diskusjon) 31. august 2017 kl. 11:40 (CEST)[svar]

Eg er enig i ditt forslag til namneendring. Ein kan sjølvsagt kopiere innhaldet over til ein ny artikkel med

namn: Steingardar i Noreg. Den eksisterande artikkelen Steingard kunne då endrast til ei fleirtydingsside? --Minuth (diskusjon) 2. september 2017 kl. 09:27 (CEST)[svar]

Godt! Eg har no gjort slik eg tenkte fordi det er lettare å visa enn å forklara. Steingard kan handla om denne typen gjerde frå alle land, eventuelt også konstruksjonstypen med tørrstabla stein. Eg har limt inn litt stoff frå det som no er Steingardar i Noreg, det kan reknast som ein kladd og utvidast eller omskrivast med hjelp frå andre kjelder. Godt mogleg eg gjer det ein gong, det er eit tøft emne! --Ranveig (diskusjon) 2. september 2017 kl. 10:22 (CEST)[svar]