Diskusjon:Sykkellaget Crédit Agricole

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dersom det blir foretrukke på nynorsk Wikipedia å sortere artiklar (i dette tilfelle sykkellag) med nemninga først, vil eg ikkje motsetje meg ei flytting. Men eg vil likevel leggje fram nokre motførestillingar før det blir tatt ei avgjersle. Eg meiner det er enklare å sortere ulike artiklar innan ei kategori dersom ikkje alle artiklane startar med same nemninga. Eg har ambisjonar om at nn.wiki skal ha artiklar om dei fleste nemneverdige sykkellaga om ikkje så alt for lenge. Då vil det gjere sorteringa enklare dersom ikkje alle laga byrjar med «Sykkellaget» før sjølve lagnamnet. La meg ta eit enkelt eksempel: På engelsk har det oppstått ein «ukultur» med at mange av laga brukar nemninga «Team» før sponsornamnet. Det held å trekke fram tre-fire eksempel frå en.wiki for å synleggjere ulempene:
Team Tinkoff-Saxo
Team Sky
Team Europcar
Team Katusha.
Alle fire artiklane startar altså med «Team». Dersom vi tar med kontinentaltour-laga og norske lag som til dømes Team Joker og Team Sparebanken Sør, får vi ei lang liste med sykkelartiklar som blir katalogisert under same bokstav i alfabetet.
På nynorsk vil vi då få:
Sykkellaget Katjusja
Sykkellaget Tinkoff-Saxo
Sykkellaget Europcar
Team Sky eller Sykkellaget (Team) Sky
På bokmåls-wikipedia ser det litt annleis ut:
Europcar (sykkellag)
Katjusja (sykkellag)
Team Sky
Tinkoff-Saxo
- Mykje enklare å alfabetisere. Det er i alle fall mi meining. Men sidan eg er relativt fersk på nynorsk-wiki, vil eg gjerne lytte til meir erfarne nn-wikipedianarar. Dersom de held fast ved at ei flytting er mest i tråd med stilmanualen til nn-wiki, vil eg sjølvsagt rette meg etter dette i opprettinga av nye artiklar. Vennleg helsing --Prosit (diskusjon) 16. oktober 2014 kl. 06:45 (CEST)[svar]

Det går an å alfabetisera etter ein annan bokstav, i dette høvet med anten {{DEFAULTSORT:Credit}} eller {{SORTERINGSNYKEL:Credit}}. Dette er det vanleg å leggja inn nedst på sida. Men ja, eg og andre føler me bør halda oss til tradisjonelle norske uttryksmåtar når me lagar titlar. --Ranveig (diskusjon) 16. oktober 2014 kl. 09:17 (CEST)[svar]
Takk for svar. Då skal eg prøve halde meg til denne praksisen i framtida. Helsing --Prosit (diskusjon) 16. oktober 2014 kl. 09:56 (CEST) ps. Takk for tips om SORTERINGSNYKEL - mykje betre enn DEFAULTSORT![svar]