Diskusjon:The Smiths

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg held på med omsetjing frå den engelske artikkelen (http://en.wikipedia.org/wiki/The_Smiths). Eg er ikkje heilt inne i det der med formatering og få alt til å sjå fjongt og fint ut, så eg lurte på om nokon kunne hjelpa meg med nettopp det der? (Få inn bilete, tabellar og den slags slik det ser ut i den engelske utgåva.)

Takk!

--Eirik W. 15:09, 1 januar 2007 (CET)

Eg la til interwiki og kategoriar og albumdiskografi. Bileter kan me diverre ikkje bruke sidan dei er kopiverna. --Frokor 15:20, 1 januar 2007 (CET)
Kvifor kan dei bruka bilete på engelsk Wikipedia? Kjipe greier.
Heilt einig! Dei har eit konsept kalla «fair use», som seier at så lenge bileta er små og slikt så kan dei brukast. Men dette gjeld berre for den engelske, og ingen andre, inkludert dei norske. --Frokor 15:41, 1 januar 2007 (CET)

No er eg omsider ferdig med omsetjingi. Hadde sett pris på om nokon gadd å korrekturlesa, sjølv om eg - kanskje noko arrogant - ikkje trur det er so mange feil her, sett bort frå ein og annan anglisisme som er vorten med i omsetjingi osv.

--Eirik W. 20:46, 21 februar 2007 (CET)