Diskusjon:Trondhjems Reformats 1589

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Prestbord - prestebol[endre wikiteksten]

Omgrepet "prestebord" var nytt for meg. Ordboka definerer "prestebord" som "jordeige og inntekter som ein prest hadde å leve av", etter latin "mensa presbyteri", medan "prestebol"=(1) prestegard, (2) prestebord. Såvidt eg har forstått fungerte ofte prestegardane (prestebol) som inntektsgrunnlag for presten. Eg har sett i kjeldene og finn ikkje eit presis skille mellom desse omgrepa. Sjå til dømes http://www.academia.edu/628432/Prestebol_og_prestegjeld --Erik den yngre (diskusjon) 10. februar 2013 kl. 21:45 (CET)[svar]

Eg har ikkje sett Trondheim reformats - men eg skal sjå på kjeldeskriftet artikkelen viser til. Prestebordgods - eller mensalgods - var dei gardane som skulle gje innteksgrunnlag for presten. Sjå Historisk leksikon Eg vil tru reformatsen gir oversikt over desse. Ein del andre gardar høyrde til stiftet - og gav inntekter til sentralkyrkja; desse gardane gjekk inn i krongodset etter reformasjonen. Ein tredje kategori gardar gav inntekter til lokalkyrkja. Desse vart vidareført som lokalkyrkjeleg eigedom og selde til leiglendingane frå 1820-åra og utover. --Knut (diskusjon) 10. februar 2013 kl. 22:03 (CET)[svar]
Så dersom eg forstår det rett var altså prestebord ei samling eigedommar (inkludert partar i gardar etc) som presten tok jordleige av. Denne private nettsida viser til dømes Aure prestebord, det ser ut til at presten i Aure hadde inntekt av ei rad gardar/partar på Nordmøre, også i andre prestegjeld. Det ser også ut til at kyrkja sjølv var jordeigar. Medan prestebolet var mindre omfattende og gjaldt primært prestegarden med hus og jord? Dersom det finst gode kjelder så ville det vere fint med ei presisering av skilnaden på desse omgrepa, det er visst ikkje berre eg som har blanda dei i hop. mvh --Erik den yngre (diskusjon) 11. februar 2013 kl. 11:40 (CET)[svar]