Diskusjon:Uraustersjøfinsk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

endre namn (tittel på artikkel)[endre wikiteksten]

Det austersjøfinske urspråket?
Austersjøfinsk-urspråket (er kanskje ikkje den beste kandidaten)?

(For øvrig, omdirigering frå Uraustersjøfinsk, synes greit.) Helsing Sju hav (diskusjon) 13. august 2019 kl. 13:12 (CEST)[svar]

Eg veit ikkje heilt. Vi bruker (som tysk) ur- der finsk har kanta-, nordsamisk vuođđo- og engelsk har Proto. ururalsk, ursamisk og urgermansk er heilt greie, det som gjer at vi reagerer er at namnet her er samansett, som for uraustersjøfinsk og ur-finsk-samisk (!?), for den siste skriv vi det finsk-samiske urspråket. Saka her er at "austersjøfinsk" og "germansk" ikkje er språk i dag, men "germansk" ser ut som eit språknamn, noko dei komplekse namna ikkje gjer. Eg har ikkje så sterke meiningar om dette, som regel snakkar eg om desse sakane på dei språka eg har sitert ovafor, og ikkje på norsk. Andre som har synspunkt? Trondtr (diskusjon) 13. august 2019 kl. 19:50 (CEST)[svar]

Ur-austersjøfinsk, som tittel då?
"Uraustersjøfinsk" kan for min del vera hovedformen ellers på wikipedia, inkludert i resten av artikkelen.

Eg minner om at ordet "røntgen-maskin" (eller "røntgen-rom") har bindestrek, i "Leseboka for Folkeskolen" (eller hva det var som bok-serien heter). Helsing Sju hav (diskusjon) 13. august 2019 kl. 22:19 (CEST)/ Sju hav (diskusjon) 13. august 2019 kl. 22:21 (CEST)[svar]

Namnet er fint som det er. Nynorskordboka er ei betre kjelde for rettskriving, og den bruker ikkje bindestrek, verken etter "ur" eller "røntgen". --Ranveig (diskusjon) 14. august 2019 kl. 07:27 (CEST)[svar]
"Uraus..." eller "Uraustersjøfinsk"
(og kanskje ogso "Urur..."/ "Ururalsk", er
ikkje fint som det er, for eit "folke-leksikon". At einskilde
bokstavsupper/ alfabetsupper oppleves uproblematisk av personar som ser (den einskilde) suppa regelmessig, er herved notert. (Dette til tross for at Ranveig har ikkje sagt akkurat det.)
(Nynorskordboka er i takt med hvordan ting svinger på toppen i den akademiske verden; Der er ikkje Wikipedia (og bør godt mulig ikke vera der, i ethvert henseende.)
Med uraustersjøangstskrik-aktig helsing Sju hav (diskusjon) 14. august 2019 kl. 07:48 (CEST)[svar]
Her er det to diskusjonar, som begge er viktige: Bruken av forstavinga ur for komplekse språknamn (urgermansk er ok, men er urindoiransk, urobugrisk, uraustersjøfinsk verre? Alternativet er i tilfelle "Det austersjøfinske urspråket". For språket som er felles for samisk, austersjøfinsk og mordvinsk (og merja og muroma) blir det om mogleg verre: urvesturalsk? Det samisk-austersjøfinsk-mordvinske urspråket?
Så er det spørsmål om akademia vs. folk. På den eine sida er dette komplekst. Det eg skriv her er (for meg) uferdig, og både for meg og primærforskarane er dette eit gigantisk puslespel med mange små delar. Akademisk eller ikkje, det er mange små bitar som skal passe i lag. Det er dette puslespelet som gjev oss innsikt i fortida, solid innsikt, vil eg legge til. Denne diskusjonen går føre seg ulike stader: På universitet i Finland, og dels Austerrike, Estland og Tyskland, men i liten grad på norske universitet. Derimot i nordnorske avisspalter (Nordlys, Ságat, nordnorskdebatt.no, ...), her er diskusjonen ført av folk svært langt unna akademia, folk som les doktoravhandlingar og artiklar som no er tilgjengeleg på nett. Målet mitt med desse artiklne er å gjere den vitskaplege litterturen tilgjengeleg for denne debatten. Til det treng eg (vi, Wikipedia) eit "dobbelt sett" artiklar:
  1. Ein generell artikkel om samiske språk, peikande til
  2. ein oversitsartikkel om samisk språkhistorie, peikande til
  3. utdjupande artiklar av ulike slag:
    1. om dei ulike urspråka (som denne artikkelen)
    2. om ulike aspekt ved språkhistoria (som lydhistorieartikkelen)
    3. om forskingshistori (kven har forska på desse tinga, med kva slags motivasjon)
Erfaringa mi frå både den nordnorske og den finske debatten (blant folk langt unna akademia) er at folk er interessert i fortida si, fortida vår, og også viljug til å sjå på detaljane attom konklusjonane. Utfordringa vår er å balansenre dei ulike artikkeltypane mellom kvarandre, og å skrive dei godt. Trondtr (diskusjon) 14. august 2019 kl. 11:23 (CEST)[svar]