Diskusjon:Vestmannen (fleirtyding)
Eg tykkjer parantesfleirtydingssider er litt lite sjarmerande...
Kan ikkje fleirtydingssida ligge på "hovudsida" -- I det her tilfellet på Vestmannen, ogso legg vi alle artiklane ut under Målbladet Vestmannen, Ungdomsbladet Vestmannen, osv.... Viss vi likevel skal ha ei fleirtydingsside er det mest logisk å legge den på hovudsida, slik at alle som er leitar finn det dei leitar etter utan først å måtte trykke seg inn på ei fleirtydingsside, for so å trykke seg inn på artikkelen dei vil ha...? (kanskje dei må innom fleire fordi dei er usikre på kva for ein av dei det er ;-))
Det meinar no eg medan eg framleis har dugg i auga / Kurtber™|Ordskifte 2. nov. 2005 kl. 09:09 (UTC)
PS: Har ikkje vi diskutert fleirtydingssider tidlegare? Eg meinar å hugse at det var ein majoritet av motstandarar mot parantesfleirtyding den gongen? / Kurtber™|Ordskifte 2. nov. 2005 kl. 09:11 (UTC)
- Dersom du meinar det er mykje truleg at ein stor del av dei som ser etter "Vestmannen" ikkje ser etter det emnet som Vestmannen omhandlar i dag så er eg for å ha fleirtydingssida der. Dersom ein klar storpart (eg tenkjer 70 % eller meir) av dei som ser etter "Vestmannen" er ute etter meldingsbladet Vestmannen så gjer ein det berre meir kronglute for lesarane dersom ein legg fleirtydingssida på Vestmannen.
- Eg trur ikkje me har hatt noko drøfting der eit klart fleirtal var imot fleitydingssider indentifisert med parentes i tittelen, men det er flust av dei som ikkje vil bruka parentes elles. --Guttorm 2. nov. 2005 kl. 09:22 (UTC)