Diskusjon:Wi-Fi

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg, og alle andre, kan skrive vas på engelsk Wikipedia. Ganske mykje vas om litt perifere emne kan verte liggjande ei god stund før nokon finn det og tek det vekk. I mellomtida kan eg ha omsett vaset til nynorsk og lagt det inn her, med engelsk Wikipedia som "kjelde". Leksikonartiklar må ha betre grunnlag enn det.

Innhaldet i artiklar skal kunna verifiserast; lesaren må kunna få stadfesta alle utsegner i Wikipedia-artiklar ved å gå til andre pålitelege publikasjonar. Wikipedia er ikkje ein påliteleg publikasjon, det seier engelsk Wikipedia tydeleg frå om. Når ein skal leggje inn informasjon om kor tekst ein har omsett er frå er det for å på eit slags klønete vis leggje til rette for at kravet om namngjeving som ligg i CC BY-SA-lisensen vert stetta (eit mindre klønete vis å gjere det på er ved import av artiklar). Verifiseringskravet går på faktainnhaldet, og det kan ikkje å vise til ei anna Wikipedia-utgåve oppfylle.

Denne "artikkelen" består av ei meir enn vanleg dårleg omsetjing av den fyrste setninga av den engelske artikkelen, med ein kjeldebolk som er ei samanblanding av ei ekstern lenkje (som burde lege under overskrifta Bakgrunnsstoff), og ei lenkje til den engelske artikkelen som er der for å oppfylle lisensen. Den engelske artikkelen er fyldig og har over 60 referansar, artikkelen her er svært vanskeleg å få noko vettug ut av, og han er referanselaus. Han burde sant å seie vore sletta. At her no vert lagt inn slike artiklar i hopetal er ein uting, at dei får mangellapp er absolutt minimum.