Diskusjon:Willie Nelson

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Korleis lagar ein lenker til den nynorske versjonen frå andre språk? Må ein inn og legga det til i kvar enkel artikkel på alle språk? Eg har til dømes lagt inn lenke til nynorskversjonen frå bokmål og engelsk når det gjeld Willie Nelsonartikkelen, men er det ein enklare måte å gjera det på (det vil vera svært mykje arbeid når ein artikkel er på 30-40 språk...) --193.213.209.233 23. april 2006 kl. 14:13 (UTC)

Nokon må leggje til lenkja på alle språk. Denne nokon kan vere du, men i praksis er det ein robot (i loggen ser du at det rek robotar (program) rundt, jf. denne oppføringa som kom i dag for se:ođđajágimánu 1. (artikkelen for datoen 1. januar) på den nordsamiske wikipediaen:
(diff) (hist) . . u Ođđajagimánu 1.; 01:59 . . Superzerocool (Talk | contribs) (robot Tilføyer: af, an, ar, ast, be, bg, br, bs, ca, ceb, co, cs, csb, cv, cy, da, de, el, en, eo, es, et, eu, fa, fi, fo, fr, fur, fy, ga, gl, he, hr, hu, ia, id, ie, ilo, io, is, it, ja, jv, ka, ko, ku, la, lb, lt, mk, ml, ms, nap, nl, nn, no, oc)
For å kunne gjere dette må roboten vere klår over at «ođđajagimánu 1.» er det same som «1. januar». Når roboten klarte det, var det fordi nokon manuelt hadde lenkja [[se:ođđajagimánu 1.]] til ein annan språkversjon, slik at roboten kunne kopiere inn heile lenkja. Tilsvarande finn du, viss du går via nordsamisk og klikkar deg inn på t.d. den afrikaanske eller arabiske, at det har vore ein robot og lagt til referanse til den nordsamiske der. Ein god taktikk er dermed å leggje til interwikilenkje til artikkelen din på no (og kanskje dei andre skandinaviske språka, der du har potensielle lesarar), og på den engelske, der den sannsynlegvis er mest synleg for robotar, dvs. å gjere det du allereie har gjort. Så er det berre å vente og sjå. Trondtr 23. april 2006 kl. 14:54 (UTC).

Takk for ypparleg forklaring!--Rujo 23. april 2006 kl. 18:21 (UTC)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 25. august 2008 kl. 04:39 (CEST)[svar]

[daud lenkje]