Diskusjon:X-Bow

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Artikkelen reiser eit par spørsmål:

  1. Korleis skil denne baugen seg frå baugar før bulb-baugen? (For det er vel den som blir nemnt som «tradisjonell»?
  2. Me treng kjelde for Denne baugen er kjend for å være meir behageleg og sikrare enn tradisjonell baugdesign
  3. Kva gjer mannsnamnet under bakgrunnsstoff?

--Ekko 13:32, 15 april 2007 (CEST)

Hei igjen, eg trur du får spørja på bokmålswikipediaen for det var dei som skreiv artikkelen først. Eg stussa og over mannsnamnet, men bokmålswikipediaen godkjenner kanskje slikt? Men kven er han? Det var eit godt spørsmål. Om nynorsk wikipedia godkjenner kjelder frå skriftlege pubplikasjonar kan eg kanskje visa til eit nummer av Maratimt Magisin som omtalar X-bow på Bourbon Orca, om kjeldene ikkje er gode nok, men då bør kanskje bokmålswikipedian gjerast merksam på det! Trolldeig

Nynorskwikipediaen godkjenner alle kjelder. Skriftlege publikasjoner kan vere vel så bra kjelder som info funne på nettet. - Knut 14:24, 15 april 2007 (CEST)

Tilegg frå januar 2015[endre wikiteksten]

Det er mogleg dette tillegget (bortsett frå bildeproblemet) er eit godt bidrag til artikkelen. Om nokon kan finna kjelder til det og sikra at språket er i orden, kan det kanskje leggjast inn att. --Ranveig (diskusjon) 30. januar 2015 kl. 11:16 (CET)[svar]