Disney Channel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Disney Channel

Lansert18. april 1983
Eigd avThe Walt Disney Company
LandUSA
HovudkontorBurbank
Nettstadhttp://disneychannel.disney.com/
Logoen til Disney Channel i 2014.

Disney Channel er ein fjernsynskanal som sender barneprogram. Alle program er anten produserte eller distribuerte av Disney. Saman med gamle teikna kortfilmar vert nyare fjernsynsseriar i tillegg til langfilmar sende. Kanalen byrja å sende den 8. april 1983 i USA av The Walt Disney Company.

Kanalen kom til Norden i byrjinga av år 2003 når Viasat si avtale om omdistribusjon av kanalen byrja å gjelde. Til 1. august 2005 var Viasat åleine om å ha kanalen i sitt tilbud.

Den skandinaviske varianten sender tre ulike lydspor for kvart av språka (dansk, norsk og svensk), men med same bilete. Alt er ikkje dubba og difor førekjem òg teksting på dei tre ulike språka. I kanalen sin grafikk førekjem det svært få ord sidan kanalen skal passe sjåarar i alle dei tre landa.

Hjå Viasat inngår kanalen i dei to større kanalpakkane (sølv og gull).

Frå 1. august 2005 kom Disney Channel òg med i Canal Digital sitt kanaltilbud og inngår der i kanalpakkane Family og Entertain. Samtidig med dette starta òg Toon Disney, som til skilnad frå Disney Channel berre sender teiknefilm sendingane sine i Skandinavia.

Disney-kanalar på fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Disney Channel