Doktorgrad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Doktorgrada er den høgaste akademiske grada ein kan oppnå. Dei norske doktorgradene er:

  • Doctor theologiæ (dr. theol.) - den teologiske doktorgrada
  • Doctor juris (dr. jur.) - den juridiske doktorgrada
  • Doctor medicinæ (dr. med.) - den medisinske doktorgrada
  • Doctor philosophiæ (dr. philos.) - den filosofiske doktorgrada
  • Doctor rerum politicarum (dr. polit.) - den samfunnsvitenskapelige doktorgrada
  • Doctor odontologiæ (dr. odont.) - den odontologiske doktorgrada
  • Doctor scientiarum (dr. scient.) - doktorgrada i naturvitenskapene
  • Doctor psychologiæ (dr. psychol.) - den psykologiske doktorgrada
  • Doctor artium (dr. art.) - doktorgrada i humaniora
  • Doctor ingeniør (dr. ing.) – doktorgrada i tekniske fag

I 2003 blei det i Noreg innført ein ny versjon av den filosofiske doktorgrada, som blir skrive philosophiæ doctor, ph. d. Denne grada kan ein gi innan alle fagområde. Samtidig blei dei tradisjonelle gradene avvikla.

I Danmark er ph. d. innført som erstatning for lisensiatgrada, og går under namnet «den lavere doktorgrad» eller «den lille doktorgrad». Dei høgare, tradisjonelle doktorgradene (i hovudsak identisk med dei norske) har dei halde på.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]