Dokumenttypedefinisjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Document Type Definition (DTD) er ein deklarasjon i eit SGML- eller XML-dokument som definerer strukturen til eit dokument. Det kan bli inkludert i dokumentfila, eller bli lagra i ei ekstern fil. Syntaksen for SGML- og XML-type DTD-er tilnærma like.

En DTD skildrar tillatne element og attributt i eit dokument og eventuelt tillatne attributtverdiar for kvart element samt kor mange av kvart element som er lovleg .

Døme[endre | endre wikiteksten]

Ein enkel DTD som skildrar ei liste av personar:

<!ELEMENT personliste (person*)>
<!ELEMENT person (namn, foedselsdato?, kjoenn?, foedselsnummer?)>
<!ELEMENT namn (#PCDATA) >
<!ELEMENT foedselsdato (#PCDATA) >
<!ELEMENT kjoenn (#PCDATA) >
<!ELEMENT foedselsnummer (#PCDATA) >

Linje for linje blir det:

  1. Eit «personliste »-element inneheld eit vilkårleg tal «person»-element.. «*» seier at det kan vere 0, 1 eller mange "person«-element i »personliste "-elementet.
  2. Eit «person»-element held på elementa «namn», «foedselsdato», «kjoenn» og «foedselsnummer». «?» viser at eit elementet er friviljug. «namn»-elementet har ikkje «?». Det tyder at eit «person»-elementet innehalde Eit «namn»-element.
  3. Eit «namn»-element held på data.
  4. Eit «foedselsdato»-element held på data.
  5. Eit «kjoenn»-element held på data.
  6. Eit «foedselsnummer»-element held på data.

Her er eit døme på ei XML-fil som oppfyller denne DTD-en:

<?xml version="1.0" encoding="UTF-8"?>
 <!DOCTYPE personliste SYSTEM "eksempel.dtd">
 <personliste>
  <person>
    <namn>Ola Nordmann</namn>
    <foedselsdato>27.11.1960</foedselsdato>
    <kjoenn>Mann</kjoenn>
  </person>
</personliste>

DTD-en ovanfor krev at alle person-element har eitt namn-element. personliste-elementet er også obligatorisk, medan resten er friviljug.

Alternativ[endre | endre wikiteksten]

DTD-støtte har svært utbreidd støtte ettersom den er ein del av XML 1.0-standarden. Men den har avgrensa bruksområde.

Det finst to nyare XML skjema-språk som er tilrådd av W3C.

  • XML-skjema, óg kalla XML Schema Definition (XSD)
  • RELAX NG, som óg er ein del av DSDL. Dette er ein ISO-standard.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]