Domino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit dominospel under speling.

Domino er ein type brikke med to tal markerte med prikkar på kvar side, og spel ein kan spela med slike brikker.

Det finst mange forskjellige dominosett med varierande tal brikker:

Dobbel 6: 28 brikker
Dobbel 9: 55 brikker
Dobbel 12: 91 brikker
Dobbel 15: 136 brikker
Dobbel 18: 190 brikker

Kvar dominobrikke er ein rektangulær kloss med ei linje som deler overflata inn i to kvadrat. Kvar ende av overflata er markert med eit tal farga eller svarte prikkar, eller er eventuelt blank. Prikkane frå 1-6 er vanlegvis plassert slik dei vil vera på ein sekssiders terning.

Baksida av ei dominobrikke er vanlegvis utan markering.

Dominobrikker kan vera laga av alt frå bein, elfenbein, plast, metall og tre, og det finst òg dominosett laga av papp, som vanlege spelkort. Til liks med slike spelkort er dominobrikker eit generisk utgangspunkt for spel, slik at ein kan spela mange ulike spel med eit dominosett.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kinesisk dominosett.

Dominobrikkene har utspringet sitt i terningar. Dei to endene på kvar av dei opphavlege kinesiske dominobrikkene representerte ein av dei 21 kombinasjonane som kan oppstå ved kast av to terningar. Moderne vestlege dominobrikker kan også ha blanke sider, og talet på brikker i eit sett er dermed 28.

Domino var meir eller mindre ukjent i Europa fram til 1800-talet, og kan ha blitt funne opp i den moderne forma si i Den dominikanske republikken. Dei mørke prikkane på dei lyse overflatene skal visstnok ha minna folk om maskerademasker med augehol (kalla dominoar), noko som dermed gav spelbrikkene namn.

Ulike dominospel[endre | endre wikiteksten]

Mormors domino[endre | endre wikiteksten]

Ein enkel og familievennleg variant av domino:

  • Ein bruker dobbel-6: 28 brikker.
  • 3-5 spelarar
  • Først blir det trekt ei brikke – spelaren med flest auge byrjar fyrste runde.
  • Neste runde byrjar spelaren til venstre, osb.
  • Alle brikker blir blanda, og kvar spelar trekker 5-7 brikker.
  • Det bør ligga igjen minst 4 brikker til trekking.
  • Den første doble som blir lagt ut, blir spinn – denne kan danna forgreiningar i spelet.
  • Når ein spelar legg ut slik at summen av alle endar er deleleg med 5, får vedkommande poeng.
  • Alle doble brikker blir lagde på tvers av spelet, og begge endar tel med ved summeringa.
  • Spinnaren kan berre brukast til forgreining når begge dei normale endene er tetta.
  • Den som fyrst har lagt alle brikkene sine, får 10 poeng pluss summen av augo til motspelarane, runda til næraste femmar.
  • Om ein spelar ikkje kan legga nokon av brikkene sine ved tur, må han trekka 1 til inntil 3 brikker, etter kva ein er samde om.
  • Om spelet blir stengt utan at nokon er ferdige, dvs. at ingen av dei gjenverande brikkene kan leggast, blir runden avslutta utan at nokon får sluttpoeng.
  • Poeng blir skrivne med heile og halve kryss: Halvt kryss er 5, heilt kryss er 10
  • Ein blir samde på førehand om kor lenge ein skal spela, t.d. til ein har fått 500 poeng, eller eit fast tal rundar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Domino