Don't Look Back av The Remains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Don't Look Back» er ein song av The Remains som vart gjeven ut som den siste singelen deira på Epic Records. Songen vart skriven av Billy Vera,[1] som skreiv og spelte inn «Storybook Children» for Atlantic Records. «Don't Look Back» kom ut i 1966 med B-sida «Me Right Now», som var skriven av Barry Tashian, frontmannen i The Remains.

«Don't Look Back» kom ut på det einaste albumet til The Remains, The Remains frå 1966. «Don't Look Back» kom òg ut på den populære samleplata Nuggets: Original Artyfacts from the First Psychedelic Era, 1965–1968.

Robert Plant spelte denne songen som eit ekstraspor på CD-singelen «Hurting Kind (I've Got My Eyes on You)» i 1990.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Music Review: The Remains». Blogcritics. 29. mai 2007. Arkivert frå originalen 30. september 2012. Henta 30. april 2018. 
  2. «Robert Plant» (PDF). Connollyco.com. Henta 30. april 2018.