Douglas C-124 Globemaster II

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
C-124 Globemaster II
Rolle Militært transportfly for tungtransport
Produsentar Douglas Aircraft Company
Første flytur 27. november 1949
Introdusert 1950
Trekt attende 1974 (USAF)
Største brukarar United States Air Force
United States Air National Guard
United States Air Force Reserve
Produsert 1949–1955
Mengd bygd 448 (9 finst i dag)
Utvikla frå C-74 Globemaster
Utvikla til Douglas C-132 (ikkje bygd)

Douglas C-124 Globemaster II, med kallenamnet «Old Shaky», var eit transportfly for tungtransport bygd av Douglas Aircraft Company i Long Beach i California.

C-124 vart hovudsakleg nytta av United States Air Force si transportteneste (MATS) i 1950-åra og tidleg i 1960-åra, fram til C-141 Starlifter kom inn i teneste. Flyet vart nytta av Air Force Reserve og Air National Guard fram til 1974.

Douglas Aircraft utvikla C-124 frå 1947 til 1949, frå ein prototype basert på Douglas C-74 Globemaster, nytta under andre verdskrigen. Flyet vart driven av fire store Pratt & Whitney R-4360 stempelmotorar som kvar produserte 3800 hk. C-124 kunne bere 31 100 kg med last, og lasterommet var 23 meter langt. Flyet kunne bere tanks, kanonar, lastebilar og anna tungt utstyr, og som passasjerfly kunne det føre 200 fullt utrusta soldatar i to doble dekk eller 127 bårepasientar med følgje.

Skisser av flyet[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]