Dragé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dragerte godteribitar
Dragerte legemiddelpiller

Dragé er ein søtsak med eit trekk, vanlegvis av sukker eller sjokolade; også sjølve trekket blir kalla dragé og godteribiten blir sagt å vera dragert. Sjokoladebitar, nøtter, mandlar, karamellar eller andre faste emne får eit trekk av sukkerlag eller smelta sjokolade.[1]

Dragering blir også ofte brukt til legemiddel, hovudsakleg for tablettar som er meinte å svelgjast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. synonymer.se: dragé