Draumen om det raude rommet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei side frå Draumen om det raude rommet.

Draumen om det raude rommet (kinesisk 紅樓夢; pinyin Hóng Lóu Mèng) er ein kinesisk roman skriven på midten av 1700-talet, under Qing-dynastiet. Han er rekna som ein av dei fire klassiske romanane i kinesisk litteratur. Forfattaren Cao Xueqin skreiv 80 kapittel av romanen, som seinare er blitt fullført av andre over hundre gonger. Romanen er skriven på kinesisk daglegspråk i staden for klassisk kinesisk, og bidrog til å gjera dette språket til eit akseptert litterært språk.

Romanen verker vera delvis sjølvbiografisk. Han skildrar veksten og fallet til ei slekt, og skildrar i detaljerte episodar livet i to rike embetsmannfamiliar med familiemedlemmer, vener og tenarar. Slekta Jia, i husa Ningguo og Rongguo, går frå å ha ein slektning som er keisarleg konkubine til å falla i unåde hjå keisaren og få eigedommane sine konfiskert.

Xue Baoqin, ei kusine av Xue Baochai.

Kjærleikstrekanten mellom hovudpersonen Jia Baoyu og hans to kusiner, kjenslevare Lin Daiyu og meir praktisk anlagte Xue Baochai, er ei av dei best kjende intrigane i boka.

Romanen er også kjend under namnet «Soga åt steinen» (石头记, Shítóu Jì). I forordet til boka ber ein medviten stein som gudinna Nüwa la att då ho vølte himmelen ein taoist-prest og ein buddhstmunk om å ta han med for å sansa verda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]