Dressurriding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristina Harrison-Naness rir PRE-hingsten Rociero XV for USA (World Cup-finalen, 2007)

Dressurriding (frå fransk dressage som kan omsetjast med trening) er ei form for hestesport som går ut på at hest og rytter skal gjennomføre eit program så godt som mogleg. Dommarane legg vekt på gangartar, samling og kor lydig hesten er, samt sits og dugleik hos ryttaren. I dei lettaste klassene er det grunnleggjande dugleik i skritt, trav og galopp som vert vektlagd. I dei vanskelegare klassene finst også meir avanserte dressurelement som piaff, passage og piruettar.

Dressurriding i Olympiske Leikar[endre | endre wikiteksten]

Dressurriding har vore olympisk grein sidan 1912, men innhaldet i konkurransen har endra seg sidan då. Sprangdelen har vorte kutta ut, medan dressurøvingane har vorte meir avanserte.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dressage

Om dressur på nettstaden til Norges Rytterforbund

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.