Drivhusgass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trendar i konsentrasjon av nokre drivhusgassar

Drivhusgass eller klimagassar er gassar som bidreg til drivhuseffekten. Ein drivhusgass lèt den største delen av den kortbølga solstrålinga passere, medan gassen fangar opp og returnerer noko av den langbølgja varmestrålinga frå jorda.

Nokre av dei viktigaste drivhusgassane er vassdamp, karbondioksid, og metan. Dei fleste drivhusgassane finst naturleg i atmosfæren, men fleire av gassane har auka i konsentrasjon. Etter vassdamp er CO2 den viktigaste klimagassen, men andre gassar, som finst i små mindre mengder i atmosfæren, kan vere sterkare klimagassar. Ut frå gassane sin evne som drivhusgass (GWP-verdi) vert utslepp av slike gassar omrekna til CO2-ekvivalentar. En CO2-ekvivalent er ei mengd gass som over eit gitt tidsrom har same verknad på drivhuseffekten som ei mengd CO2.

Det finst òg gassar som har motsett effekt.

Norske klimagassutslepp[endre | endre wikiteksten]

Dei norske klimagassutsleppa er utrekna til omkring 54 Mt CO2-ekvivalentar pr. år. Klimagassutsleppa frå norsk territorium har auka med om lag 10 prosent frå 1990 til 2005. CO2 står for omtrent 80 prosent av utsleppa, som stammar frå fire omtrent like store kjelder:

  • petroleumsverksemd
  • prosessindustri
  • transport
  • oppvarming, jordbruk og avfallsdeponi

Karbondioksid - CO2[endre | endre wikiteksten]

Menneskeskapte utslepp av CO2 er hovudsakleg knytt til forbrenning av fossilt brensel, men det vert òg danna utan forbrenning ved ulike kjemiske prosesser i industrien, til dømes ved elektrodane i aluminiumsomnar. . Det norske utsleppet av CO2 i 2004 var i overkant av 43 mill. tonn som er 27 prosent høgre enn nivået i 1990.

Dei viktigaste CO2-kjeldene i Noreg er petroleumsverksemda offshore (30 prosent), vegtrafikk (22 prosent), fyring med olje, gass og kull (18 prosent) og prosessutslepp frå industrien (16 prosent).

Tilveksten i norske skogar absorberer nå om lag 15 Mt CO2 pr. år, det vil si 44 prosent av CO2-utsleppa i Noreg (Statistisk sentralbyrå, 2005). Dette opptaket er ikkje rekna med når norske utslepp skal utreknast etter reglane i Kyoto-protokollen.

Metan - CH4[endre | endre wikiteksten]

Metan vert danna ved nedbryting av organisk materiale utan tilgang på oksygen. Metan har ein GWP-verdi på 21, det vil seie at gassen har 21 gonger så stort potensiale til å bidra til global oppvarming som CO2. Dei norske metanutsleppa er om lag 228 tusen tonn pr. år, tilsvarande 4,8 Mt CO2-ekvivalentar. Dette utsleppet kjem frå avfallsfyllingar (40 prosent) og frå husdyr og husdyrgjødsel (39 prosent).

Lystgass - N2O[endre | endre wikiteksten]

Dei norske lystgassutsleppa ligg rundt 16 tusen tonn pr. år, og med ein GWP-verdi på 310, tilsvarar det 5 Mt CO2-ekvivalentar. Det meste er knytt til produksjon og bruk av nitrogenhaldig gjødsel, men omlegging i produksjonsmåten har medført ein viss nedgang. Utsleppa frå vegtrafikken (16 prosent) har auka etter at personbilane vart utstyrte med katalysator frå 1989.

Fluorgassar - PFK, HFK og SF6[endre | endre wikiteksten]

Utsleppa av fluorgassar som perfluorkarbonar (PFK), hydrofluorkarbonar (HFK) og svovelheksafluorid (SF6) står i alt for om lag 1 Mt CO2-ekv. pr. år, tilsvarande mindre enn 2 prosent av dei samla utsleppa.

Den viktigaste kjelda for utslepp av PFK i Noreg er produksjon av aluminium. Frå 1990 til 2004 vart utsleppet redusert med nesten 80 prosent.

HFK vert bruka i kjøleanlegg, som brannsløkkingsmiddel og til produksjon av skumplast . Forbruket har auka ut over 1990-talet, og tilsvarte i 2004 0,24 Mt CO2-ekvivalentar.

Svovelheksafluorid (SF6 ) vert bruka ved produksjon av metall, først og fremst magnesium. I 2004 var det samla SF6-utsleppet 0,28 Mt CO2-ekvivalentar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]