Droge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drogesamling frå Svaneapoteket i Bergen

Droge (fransk drogue, opphavleg nederlansk droog for 'tørka stoff')[1] viser til råstoff vunne ut frå plantar eller dyr til bruk i medisin eller industri, til dømes som fargestoff. Læra om droger, opphav, eigenskapar, innhaldsstoff og moglege forfalskingar blir kalla farmakognosi. Nokre drogar er kinabark, opium og digitalisblad.

Drogar skil seg frå kjemikaliar ved at dei har ei kompleks og delvis varierande kjemisk samansetning. Dei har vore mykje brukt i tradisjonelle lækjemiddel, som i urtemedisin. I moderne medisin er dei ofte erstatta av reine kjemikaliar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «droge» i Nynorskordboka.; Lindgren, John, Läkemedelsnamn Ordförklaring och historik, Berlingska Boktryckeriet Lund 1918 side 71
  • «Droge». Store norske leksikon. 24. juni 2009. Henta 18. november 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • EXTRACTUM 400 år med apotek Utstillingskatalog Garnæs trykkeri A/S Bergen 1995
  • Den Norske Farmakopø 1939, Oslo 1939
  • Johannessen,Finn Erhard, og Skeie, Jon, Bitre piller og sterke dråper, Oslo 1995
  • Kallinich, Günter, Schöne alte Apotheken, Heilkunst . Aberglaube. Pharmazeutische Technik, Nikol Verlagsgesellschaft mbH& Co. KG, Hamburg 1999
  • Lindgren, John, Läkemedelsnamn Ordförklaring och historik, Berlingska Boktryckeriet Lund 1918,Faksimiupplaga AB Realtryck 1986
  • Moxnes, Aud og Stiberg, Berit: Droger, Oslo 1979, ISBN 82-00-26-388-6
  • Ziegler, Otto, Petzold, Artur, Drogenkunde original 1929 (reprint) ISBN 3-8262-2601-1
Nettlenkjer