Earls Court Exhibition Centre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Earls Court Exhibition Centre.jpg

Earls Court Exhibition Centre, òg kjent som Earl Court Arena, er eit utstillingslokale og ein konsertarena i Earls Court i London. Bygningen ligg i Earls Court i Kensington and Chelsea.

Idéen om å bygge eit utstillingslokale på staden kom etter at det blei opna to undergrunnsstasjonar der, Earl's Court og West Brompton. Området hadde ein periode blitt brukt til utandørsarrangement, men dette lønna seg ikkje for eigaren. I 1935 blei eigedomen selt, og dei nye eigarane planla å reise den største bygningen i Europa etter volum. C. Howard Crane blei valt som arkitekt. Prosjektet gjekk ikkje etter planen, og blei både forsinka og for dyrt. Lokalet blei opna 1. september, 1937, med ei sjokolade- og godterimesse.

Det oppstod etter kvart behov for ein større bygning, og den opphavlege blei rive. Den noverande bygningen er stor nok til å få plass til fire jumbojetar, med ein søylefri sal på 17 000 m². Den blei opna av Diana, prinsesse av Wales den 17. oktober 1991.

Sjølv om akustikken i bygningen ofte har blitt kritisert er Earls Court ein av dei mest populære konsertarenaene i Storbritannia. Det er plass til omkring 19 000 tilskodarar på konsertar.