Edward Douglass White

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Edward White, head-and-shoulders portrait, facing slightly left, 1905.jpg

Edward Douglass White (fødd 3. november 1845 i Lafourche Parish i Louisiana, død 19. mai 1921 i Washington, D.C.) var ein amerikansk jurist og politikar, kjent som senator frå Louisiana og som den niande høgsterettsjustitiarien i landet utnemnt av president William Howard Taft.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

White starta karrieren sin ved Georgetown University, men studiane vart avbrote av den amerikanske borgarkrigen. Han verva seg til hæren hos Amerikas konfødererte statar, men det er uklart kva for ei konkret rolle han hadde under krigen. Det som er klårt er at han vart teke til fange i mars 1865 og at han vart frigjeve omkring ein månad seinare. At han har tenestegjort som soldat i sørstatsarmeen var allment kjent, men kvar og når han verva seg er uklart. Han var uansett den einaste soldaten frå armeen til Sørstatane som vart utnemnt til domar i høgsteretten i landet.

Etter krigen studerte han rettsvitskap og innleia i 1868 yrkeskarrieren sin som advokat i New Orleans. I 1874 var han medlem av senatet til delstaten i Louisiana, og i perioden 1879 til 1880 var han medlem av den høgaste domstolen i delstaten. Han var òg medlem av Senatet for Louisiana i perioden 1891 til 1894, før han deretter forlét embetet etter at president Grover Cleveland utnemnde han til domar i høgsteretten.

Då dåverande høgsterettsjustitiarius Melville Fuller døydde i juli 1910 og White vart utnemnt til ny justitiarius av president William Howard Taft. Denne utnemninga var kontroversiell sidan Taft sjølv var republikanar medan White var demokrat. Han vart generelt sett på som ein konservativ dommar i virket sitt i høgsteretten, og dom justitiarius forstava han presidenteiden for både Woodrow Wilson (to gonger) og Warren G. Harding. Då White sjølv døydde i mai 1921 vart han etterfølgd av William Howard Taft.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Edward Douglass White
Wikisource

Originaltekst av Edward Douglass White ved Wikisource.