Effusjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Figuren til venstre syner effusjon, medan figuren til høgre syner diffusjon.

Effusjon er lekkasje av gass gjennom ei lita opning. I prosessen strøymer individuelle molekyl gjennom opninga utan å kollidere med andre molekyl. Dette skjer om diameteren til holet er langt mindre enn midlare fri bane for molekyla.[1] I følgje Grahamlova er raten gassane effunderer (t.d. kor mange molekyl som passerer gjennom holet per sekund) avhengig av molekylvekta. Gassar med låg molekylvekt effunderer raskare enn gassar med høg molekylvekt. For to gassar med same temperatur T (og same spesifikke varme), og dermed same kinetiske energi er kvadratisk middelverdi av molekylfarten, v_{\rm rms}, til kvar gass gjeven med denne likninga

\frac{3}{2}k_{\rm B} T  = \frac{M}{2} v_{\rm rms}^2

der k_{\rm B} er Boltzmannkonstanten. Lettare molekyl har dermed høgare fart. Dette fører til at fleire molekyl passerer gjennom holet per tidseining. Dette er årsaka til at ein ballong fylt med hydrogen, som har låg molekylvekt, slepp ut gassen raskare enn ein lik ballong fylt med oksygen, som har høgare molekylvekt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. K.J. Laidler and J.H. Meiser, Physical Chemistry, Benjamin/Cummings 1982, p.18

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]